Velkomen til Hol historielag
Hol historielag tek vare på fortida – for framtida.
Sidan starten i 1987 har laget arbeidd for å dokumentere, bevare og formidle lokalhistoria i Hol kommune. Vi lyfter fram gamle tradisjonar, kulturminne og levemåtar, og vi deler kunnskap gjennom møter, vandringar og publikasjonar.
Årboka Under Hallingskarvet har vore gitt ut årleg sidan 2005, og er eitt av våre viktigaste bidrag til å styrke den lokalhistoriske interessa i Hallingdal. Historielaget har òg rydda gamle ferdselsårer, registrert kulturminne, samla stadnamn og intervjua eldre i bygdene for å sikre verdifulle minne for komande generasjonar.
Med jamt over 400 medlemer er vi eit levande og inkluderande fellesskap. Vi inviterer deg med – anten du vil vere med på ein kulturvandring, bla i gamle bilde eller bidra med di eiga historie.