
Då fabrikkarbeidarane på Geilo organiserte seg
Kjell Fjose frå Voss arbeidde som lærar ved Hol ungdomsskole fyrst på 1970-talet. Då han samla stoff til hovudoppgåva si i historie, intervjua han eigarar og arbeidarar ved bedriftene Brødrene Øyo og Brusletto & Co. Hovudoppgåva si kalla han «Geilo som industristad. Framveksten av industrien til 1940 med hovudvekt på mellomkrigstida. Industrien, menneska og bygda.» Hovudoppgåva er trykt ved Universitetet i Trondheim i 1974. Ein del av oppgåva består av muntleg kjeldemateriale (minnemateriale) i form av intervju med ei lang rekkje personar.
Dette kjeldematerialet har eg fått høve til å nytta meg av når eg no ynskjer å skriva litt om det som skjedde då arbeidarane organiserte seg i Jern- og metallarbeiderforbundet i 1940. Denne prosessen gjekk ikkje heilt stille for seg, men då krigen kom vart organisasjonen oppløyst. Etter krigen ser det ut som alle har akseptert ordninga. Lars Øyo seier det slik: «Seinare har det aldri vore vanskar med arbeidsstokken. Det har aldri vore streik eller trugsmål av noko slag.»
Det "lukta" organisasjon
Det var arbeidarane ved Øyo-fabrikken som var pådrivarar i spørsmålet om å organisera seg. Hjå Brusletto var det i mellomkrigstida berre tre tilsette utanom familien. Berre ein av dei, Ole Øen, var gift. Jacob Skogheim (f.1909) fortel at då han starta hjå Brusletto var timeløna 40 øre. Arbeidstida var 10 timar. «Me fekk aldri lønning utan at me gjekk og spurde etter pengar. Me bestemte oss då for å spørja om me ikkje kunne få utbetalt løn kvar veke. Krava våre var 15 og 10 kroner veka. Det vart eg som skulle setja fram krava, men Rognald var ikkje blid då. Han kom til meg og sa: «Er de ikkje tilfreds, får de heller slutta». Han tykte visst det lukta organisasjon av kravet. Eg var ung og lite modig den tida, men eg ergra meg kraftig over dette. Eg gjekk inn til Rognald og sa: Eg gjev beskjed. Me kjem ikkje att i morgon! Då svara Rognald: Det var vel litt overila av meg, så det får vera slik de ber om.»
Brusletto med tidleg sjukeordning
Det var ingen organisering på Brusletto før Øyo-arbeidarane hadde organisert seg, men dei som arbeidde hjå Brusletto hadde ei sjukepengeordning som var langt før si tid. Den vanlege trygdekassa var frivillig, og arbeidarane var innmelde der. Då Rikstrygdeverket kom med påbod om arbeidsgjevarandel av avgifta, fekk dei utbetalt 2-3 kroner dagen i sjukepengar, fortel Jacob. «Men dei fyrste 6-7 dagane me var sjuke, fekk me ikkje og fordelt arbeidsoppgåvene fornuftig: Lars var merkantil sjef, Knut var teknisk sjef, Tomas hadde tilsynet med ljåsmiinga og Olav styrde på lageret. Tomas Øyo (f.1897) meiner at «Me eigarane sto på same høgde som arbeidarane. Det var ikkje snakk om å sjå korkje opp eller ned.»
Ingvald Flata (f.1896) seier det kort og greitt slik: «Øyo-karane var greie å arbeida for.» Men så legg han til: «Men ved organiseringa var dei ikkje heilt gode!»
Ungdomen murra litt på 30-talet Av intervjua går det fram at det hadde vore nokre små tilløp til konfliktar alt på 1930-talet. Det var særleg dei unge arbeidarane som kjende på at dei ikkje hadde same vilkår som dei eldre i arbeidsstokken. Olav Flatmo (f.1918) fortel at då han starta sjukepengar.
Martin Brusletto hadde vore mykje sjuk. Men han vart så bra at han kom i smia att etter ein operasjon. Han ville ha best mogeleg sjukeordning. Difor gav han 1000 kroner til ei privat sjukekasse i smia. Me betalte litt i tillegg, og Brusletto litt. Slik hadde me sjukeordning lenge før dette vart skikkeleg innstifta offentleg.
Me valde styre av arbeidsstokken og ordna med dette på frivillig basis. Det vart aldri store utbetalingar av kassa, og me hadde ein kapital på over 10 000 kroner då det gjekk over i Rikstrygdeverket. Reglane til sjukekassa var slik at dersom summen i kassa kom under ei viss minstegrense, skulle me skyta inn ekstra kontingent. Men den ordninga trengde me aldri ty til. Utbetalinga var 5 kroner dagen frå denne kassa, i tillegg til dei vanlege sjukepengane. Denne tanken var heilt og fullt Martin opphavet til. Eksempelet smitta, og Øyo kom ikkje lenge etter med ei sjukeordning. Men det var eit litt anna og rart system med innbetalinga der. Ved lønninga fekk dei trekk ned til næraste 5-krone, medan me vart trekte ein fast sum kvart kvartal.»
Eigarar og arbeidstakarar på same golv
Sjukepengeordninga ved dei to fabrikkane kom i stand utan press frå nokon organisasjon. Tanken om å organisera seg fekk ikkje fart på seg før mot slutten av 1930-talet. Grunnen til at organisasjonstanken ikkje slo rot, skuldast i stor grad dette særpreget ved Geilobedriftene: Eigarane sto sjølve på golvet saman med arbeidstakarane sine. Hjå Brusletto sto Henrik som ljåsmed saman med Gustav, som sat ved same maskina i 55 år. Hans herda ljå, men han var kunstmålar og sto helst ikkje full dag i fabrikken. Martin var i 1933 hadde han 25 øre timen. Då han og Gustav Maurseth våga seg til å be om pålegg noko seinare, vart dei jaga ut att av Lars Øyo. Men berre nokre dagar seinare vart timeløna auka til 50 øre! Gustav Maurseth (f.1918) fortel at det nok var ein del opposisjon utan at det kom eigarane for øyro. I vegvesenet var det 8 timars arbeidsdag i 1936, og slik ville dei unge også ha det i fabrikken. Då vart Gustav kalla inn på kontoret til Lars.
«Han sa at dersom eg ikkje slutta med slik oppvigling, kunne eg berre pakka nisteskreppa. Det vart då ikkje meir av organiseringa den gongen.»
Pål Teigen (f.1917) fortel at dei yngre arbeidstakarane ville ha lik arbeidstid heile året. Arbeidsdagen var 9 timar frå måndag til og med laurdag i vinterhalvåret og 8 timar i sommarhalvåret. Det var planar om avstemming over arbeidstida, men det var ingen som våga å skriva seg fyrst på lista med dette kravet. Rundt 1. mai var det ein del uro, fortel Pål. «I 1937 eller -38 tok me den tekniske leiaren. Han konstruerte nye maskinar og forbetra dei gamle. Og som me har sett var han opphavet til den gode sjukepengeordninga i fabrikken. Øyobrørne hadde unge fri frå klokka 13 på eige ansvar. Det vart ikkje sagt noko, men det vart mislikt.»
Les meir i Under Hallingskarvet, 2017.
Knut Medhus