
Per Lilleslett var bonde i mange år og fekk som mange bønder eit nært forhold til dyra. Han oppdaga tidleg at kyrne kan vera kloke og forstandige, og utspekulerte!
Skautelin
Den fyrste kyra eg hugsar som var noko for seg sjølv, var Skautelin. Ho var eigentleg ikkje noko pent syn: Store, utståande auge (tutøygd) og nifst skjegløygd. Ho snudde hovudet kjapt frå side til side og såg på deg med eitt auga i gongen. Gud veit kva ho såg med det andre. Elles var ho slank og høgbygd og likna meir på ei travmerr enn på ei mjølkekyr. Ho var kjapp til beins, stakk seg gjerne vekk og var i det heile tatt vanskeleg å halde styr på. Sander, bror min, fann ein dag ut at det måtte då gå an å trene Skautelin opp til å bli ein god høgdehoppar. Vi fann ei høveleg slette der det stod eit gjerde med eit le inntil. I leet var lagt tre lange staurar, ræler. Fyrst la vi i ei ræle. Den stega ho greitt over. Så la vi i to ræler og let henne få litt fart. No måtte ho hoppe, men kom seg over, så vidt det var. Så la vi i den tredje ræla og då hadde vi full høgde på leet. Vi let ho få langt tilsprang og no hadde Skautelin forstått poenget. Ho fekk opp skikkeleg fart og skaut seg elegant høgt over leet. No hadde ho det moro! Men det vi ikkje hadde tenkt på, var at dette vart ris til eigen bak for oss som skulle gjære: Etterpå hoppa ho alt som fanst av gjerder.
Eit par år etter, etter at vi hadde løyst og sett på bjøller, fann vi ei bjølle ute i fjøsgangen som hadde vorte hangande att frå året før. Eg foreslo at Skautelin måtte få denne bjølla, så vi kunne høyre kvar vi hadde henne. Far tok bjølla med seg oppi hamnehagen der bølingen gjekk og ropte: «Skautelin, no skal du få bjølle!» Skautelin hadde vi kjefta så mykje på at ho nok visste kva ho heitte. Mor påstod at vi til og med skreik på Skautelin i svevne. Men ho hadde aldri lydd namnet sitt. På ein augneblink var Skautelin klar over kva som var på gang. Ho kom, nærast i trav, stansa framfor far og strekte halsen godt fram slik at far lett kunne få hengt bjølla på. Bort til oss kom det ruslande ei gamal kyr som nok undra seg litt når ho såg at Skautelin fekk bjølle. Då bjølla var påkomen rista Skautelin på hovudet for å sjekke at det let som det skulle. Så kasta ho seg rundt og rende horna rett i sida på gamlekyra, som sette i eit stygt gaul. At det å bera bjølle gir status er ei kjent sak, om det slett ikkje gjeld alle kyr. Og for Skautelin var status synonymt med makt, og nyvunnen makt gir eit greitt høve til å øve terror. Bjølletildelinga avdekte ein tyrann vi ikkje hadde lagt merke til før. (Parallellane til menneskeverda er såpass påfallande at eg ikkje vil kaste bort tid med å kommentere dei). Det rare var at Skautelin på sine eldre dagar vart ei – stort sett – snill og forstandig kyr. Og eg kan ikkje hugse at ho hoppa over gjerdet etter at ho hadde fått bjølle.
Sist på 60-talet vart det vanleg å krysse telemarkfeet med NRF (Norsk raudt fe). I denne samanheng var kryssingsfrodigheit eit avlsmessig omgrep. Særleg fyrste generasjonen etterpå utmerka seg med høgare avdrått både på mjølk og kjøt. Eg har ein teori om at dette òg galdt hjernekapasiteten – dei gløggaste eksemplara vi nokon gong har hatt på fjøset finn vi her. Fyrst og fremst Leikros, ei snill og folkeleg kyr, grei å stelle. Eg hugsar spesielt ein vår eg hadde rydda noko meir beite ovafor husa og i skogen omkring. Med det same Leikros kom ut i døra, såg ho at noko var forandra. Ho la i veg aleine oppetter, såg vel over alle stadene der eg hadde rydda – var borte minst eit kvarter – kom så att og tok del i den vanlege slåssinga, som skikken var. Om kvelden då vi skulle binde inn, var ho ikkje med heim og ikkje å sjå. Sissel drog av stad for å sjå etter henne og fann henne til slutt inni skogen. Der stod kyra heilt stille med ein hare to–tre meter framom seg. Haren opplevde møtet med Leikros så avslappande at han hadde sett seg. Kva dei to hadde prata om såpass lenge får vi nok aldri vita.
Om kvelden, då vi sette dei på bås, vart plasseringa gjerne noko annleis enn før dei vart løyste, dei vart ståande med andre sidekameratar enn dei var vande med gjennom vinteren. Leikros fekk ei ungkyr ved sida som gjerne ville erte henne litt, ho var kjapt borti henne med hornet og trekte seg like kjapt unna. Leikros hadde ikkje så lang kjetting at ho nådde henne og fekk teke att. Eg var dum som ikkje tok ei omplassering med det same, for slik hadde dei nok drive på utover kvelden. Endå dummare var eg då eg løyste neste morgon. Eg hadde gløymt kva dei hadde drivi med kvelden før og gjorde den fatale feilen at eg løyste den fornærma fyrst. Leikros sat rett i sida på sidemannen med eit raseri eg aldri har sett maken til. Eg fekk kasta meg mellom, og med kjeppen (kjekk å ha) og skrik og skrål fekk eg, så vidt det var, drivi henne ut døra. Det eg ikkje tenkte meg var at Leikros tok oppstilling utanfor fjøsdøra for å ta affære når den andre kom ut. Ut frå fjøsmuren ved sida av døra gjekk det eit gjerde der opninga for vegen opp frå jordet var stengd med to ganske tjukke sekstoms plankar. Leikros rende på den andre med det same ho kom ut døra og kasta henne mot gjerdet – eg høyrde berre ein smell og begge plankane rauk tvert av. Og så til å jage den andre føre seg rundt jordet. Men ungkyra var sprekare, så ho tok henne aldri att. Etter ein snau halvtime gav ho seg og begge kom ruslande opp til fjøset att.
Ein sumar seinare, medan vi var på stølen, synte Leikros seg frå ei heilt anna side. Ein kveld kom ikkje ho og Gullmøy att med dei andre. Då det lei på kom Leikros springande aleine, og rauta og bar seg verre, tok nokre steg mot skogen att og jamra seg. Eg forstod med ein gong at ho ville ha meg med. Eg fylgde etter henne, og ho masa på og syntest eg ikkje sprang fort nok. Borti skogen, nokre hundre meter frå stølen fann vi Gullmøy. Ho hadde nettopp kasta og stod ved sida av fosteret. Leikros hadde vore med henne då det skjedde og hadde opplevd hendinga som såpass dramatisk at her måtte det hentast folk – og det med ein gong!
Les meir om kyrne Sandra og Gjevrei i Under Hallingskarvet, 2024.
Knut Medhus